- 17. mai 1814 blei Grunnlova vår underskrive. Derfor blir dagen kalla Grunnlovsdagen og nasjonaldagen vår.
- Forfattaren Henrik Wergeland (1808-1845) var ein av dei fyrste som ville gjera 17. mai til ein festdag. Han heldt den fyrste 17. mai-talen i 1833. Han skreiv også den fyrste nasjonalsongen for barn: «Vi ere en nasjon vi med».
- Far til Henrik, Nicolai Wergeland, var blant dei 112 som møtte på Eidsvoll for å laga Grunnlova vår. Han var veldig glad i å diskutera.
- Grunnlova er endra fleire gonger sidan 1814. Henrik Wergeland kjempa for å få oppheva jødeparagrafen, som stengde jødar ute frå Noreg. Den blei oppheva i 1851.
- Det fyrste barnetoget gikk 17. mai 1870, etter ein idé frå skulestyrar Peter Qvam. Det var eit reint gutetog som talte kring 1 200 barn. No blir ofte dagen kalla «barnas dag».
- Kongen og resten av kongefamilien vinkar til barnetoget frå slottsbalkongen på 17. mai. Det har dei gjort i over 100 år.
- Det fyrste skulekorpset som spelte i eit 17. mai tog var Møllergata skolekorps som blei stifta 1. september 1901. Det spelte i sitt første 17. mai-tog i 1902.
- Korps er ein av dei største aktivitetane for barn i Noreg. I Noreg er det kring 30.000 som speler i skule- og generasjonskorpsa.
- Folk starta å kle seg i bunad på 17. mai for litt over 100 år sidan.
- Bunadane var inspirert av folkedraktar som norske bønder brukte på 1800-talet.
- Hulda Garborg var viktig for bunaden. Ho tok gjerne på seg panama-hatt og hanskar til bunaden.
- Frå 1920-talet vart det spesielt populært å kle barna i bunad då dei dansa i leikarring.
- I over 140 år har skulebarn sunge nasjonalsongen «Ja, vi elsker dette landet». Teksten vart skriven av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859. Melodien var det Rikard Nordraak som skreiv.
- Under 2. verdskrig var det forbod mot å gå i 17. mai-tog. Det var heller ikkje lov å bruke flagget sine fargar på kleda.
- Ved frigjeringa 8. mai 1945 blei flagget difor eit ekstra sterkt symbol på Noreg sin fridom.
- Raudrussen, blårussen, grønrussen og svartrussen feirar at dei er ferdige på vidaregåande skule.
- Vi et mellom fem og ti gonger så mykje is på 17. mai som ein vanleg vårdag.
Wikipedia, Store Norske Leksikon, Framtida.no