Silvia (11) – Eg vil ikkje bade i plast | Framtidajunior.no

Silvia (11) – Eg vil ikkje bade i plast

TRUR DET ER MAT: Sjøfugl trur plasten er mat (Foto: Peretz Partensky / Flickr / CC BY-SA 2.0)
Kva er Miljøagentane?

Miljøagentene er barna sin miljøvernorganisasjon Organisasjonen arbeider for å gi barn tru på seg sjølv, på framtida og på at det nyttar å gjere noko for miljøet.

Miljøagent Silvia Sørbye (11) vil ikkje bade i søppel når ho vert vaksen.

Ho, resten av miljøagentane og Finn.no er i gong med å arrangere Oppdrag Havplast for aller fyrste gong. For kvar pose med havplast klassen leverer til gjenvinning, vil dei få 100 kroner til klassekassa.

Vil dele ut premiar

– Påmeldinga til Oppdrag Havplast er i gong. Aksjonen vil bli ei forlenging av den nasjonale strandryddeveka som starta 30. april, seier daglig leiar Are Shaw Waage i Miljøagentane.

– Vi veit at det er mange barn som allereie er i gong med lokale strandryddeaksjonar. Difor ønskjer vi å gje ein premie til alle klassane som er ute og gjer ein ekstra miljøinnsats denne våren, seier sjefsmiljøagenten Are i ei pressemelding

Kva meiner du?

110 svar

Kva for graut likar du?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir