I Noreg har vi faktisk over 4,3 millionar høner som sørgjer for at kvar av oss får cirka 200 egg i året, melder NTB.
– Nordmenn er eit eggetande folk, og vi et stadig meir. I 2016 vart det produsert 68 millionar kilo egg. Dette er ei auke på 38 prosent frå 1995, seier Anne Ingunn Løvberget, rådgjevar i seksjon for eigedoms-, areal og primærnæringsstatistikk i Statistisk sentralbyrå.