Denne gorillaen går på to bein for å ikkje skitne til maten sin

SJÅ VIDEO: Gorillaen kan gå på to bein, men dei fleste tek berre eit trinn eller to før dei held fram på fire. Men, Louis (16) tek gjerne ein lang spasertur.

Louis bur i Philadelphia Zoo der han gjer alt han kan for å halde seg rein og fin. Spesielt om bakken er våt, eller han har ein matbit i handa, går han på to bein, skriv DOGO News.

Ifølgje ein av dei som jobbar i dyreparken, er Louis veldig nøye på om han er skitten eller rein. Om det kjem ei regnbyge står han helst under tak. Og om han ved eit uhell får leire på seg, finn han eit blad eller ein papirpose for å tørke seg.