I dag lanserer OsloMet den første norsk-ukrainske ordboka

Ordboka inneheld ord og uttrykk som er nyttige når ein bur i Noreg.

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet har laga ein norsk-ukrainsk versjon av LEXIN-ordbøkene. LEXIN-ordbøkene er digitale ordbøker på fleire språk som er laga spesielt for personar som lærer seg norsk.

– For første gong har vi no ei kvalitetssikra, fritt tilgjengeleg norsk-ukrainsk ordbok i Noreg – noko mange har venta lenge på.  Dette er ikkje berre eit viktig verktøy for læring og integrering, men også ei viktig anerkjenning av ukrainarar i Noreg og språket deira, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding.

Betre enn Google Translate

Omsettarar har arbeidd med ordboka sidan 2022. Ein av redaktørane, Kateryna Yevseichyk, har fått spørsmål om kvifor ein ikkje berre kan bruke Google Translate til å omsette.

– Viss du vil lære deg eit nytt språk, trengst det ei ordbok. Hvis du vil forstå språket, bør du bruke LEXIN. Her får du mellom anna informasjon som bøyingar, ordklasse, eksempel med bruk av ordet i kontekst og idiom. Det gir meir enn ei rask omsetting, det gir deg ei forståing av ordet som kan sette deg i stand til å bruke det videre, seier Yevseichyk.

Her finn du ordbøkene på bokmål-ukrainsk og nynorsk-ukrainsk.