Snart er 100 000 japanarar over 100 år gamle

I Japan lever fleire menneske enn nokon gong til dei blir over 100 år. Landet er kjent for å ha den eldste befolkninga i verda, og no nærmar dei seg ein ny rekord.

Ifølgje det japanske helsedepartementet er det no 99 763 personar som er 100 år eller eldre. Det betyr at nesten ein av 1200 japanarar er hundreåring.

Forskarar trur at grunnen til at japanarane lever så lenge, er ein kombinasjon av sunn mat, fysisk aktivitet og gode helsetenester – altså legar, sjukehus og helseoppfølging som gjer at folk held seg friske.

Betre liv

Morten Scheibye-Knudsen, lege og aldringsforskar ved Senter for sunn aldring på Københavns universitet, seier til Verdens Beste Nyheter:

– Eg synest jo at det er bra at me får vera på kloden litt lengre.

Han meiner at folk lever lengre fordi livet i mange land har vorte tryggare, og fordi medisinen har utvikla seg mykje.

– Det interessante med folk som no blir 100 år, er at dei normalt sett også er sunne i lengre tid. Ikkje nok med at ein har fleire år å leva, så har ein også fleire sunne år, seier han.

Stor auke

Japan har lenge hatt mange eldre, men dei siste tiåra har talet på hundreåringar auka mykje. For femti år sidan, i 1971, var det berre 339 personar som var over 100 år.

Samtidig har Japan nokre utfordringar. Landet får stadig færre barn. Det blir kalla låg fruktbarheitsrate – som betyr at kvar kvinne i snitt får få barn. I fjor gjekk talet ned frå 1,20 til 1,15 barn per kvinne.

Fordi det blir fødd færre barn, og mange menneske lever veldig lenge, minkar folketalet i landet. I dag døyr fleire enn det blir fødd, og det gjer at Japan må tenkja nytt om framtida – til dømes korleis dei skal klara å ta vare på alle eldre og halde samfunnet i gang.

Likevel er forskarane einige om éin ting: Japan viser at det er mogleg å leva lenge og ha eit godt liv – med rett kosthald, helse og fellesskap.