Siste skuledag før sommaren var 19. juni, men det er mange som ikkje tar heilt fri med ein gong.
Nokre finn på å melde seg opp til sommarskule. Dette kan ein gjere i heile Noreg. Ein av desse stadane heiter rett og slett Sommerskolen Oslo. Skulen held på to veker rett etter sommarferien startar, så igjen to veker før skulestart.
Skulen har 78 ulike kurs som blir gjennomført rundt 570 gongar. I år melde 22 300 elevar seg på sommarskulen, der 15 300 fekk plass.
Gøy å møte nye folk
Framtida Junior drog på besøk til Podium i Nydalen og fekk snakka med to av sommarskuleelevane der: Julia Marie Palèn Coll (10) og Henrik Bergseth (11).
Dei gjekk på kurset som heiter «Game on!». Her har dei fått lære om koding og korleis å lage eit spel.

Julia har vore på sommarskule før, og likar det godt.
– Eg pleier å gå på sommarskule ei veke i løpet av heile sommarferien. Det gøye er at ein møter andre folk, og det er ganske kjekt å bli kjend med andre folk. Og så får du lært mykje kule ting, seier, ho.
For å gå på sommarskule er ikkje det same som å gå på skule. Julia fortel at du får lære om andre ting enn det ein gjer på skulen. Det er ikkje som mattetimar, seier ho. På «Game on!» fekk dei lære seg å kode.

Koding er vanskeleg
For å lage eit spel, må ein byggje opp ei lang liste med kodar. Kodane skriv ein ved hjelp av teikn, tal og bokstavar. Dei blir til kommandoar og skapar verder i, til dømes, Roblox.
– Eg trudde koding skulle vere kjempelett, men så enda det opp med at det eigentleg er ganske så vanskeleg. Det er mykje ein ikkje forstår som nybyrjar, seier Julia.
– Korleis var det å kode då du kom i gang?
– Då kjente eg litt at «yes, no har eg endeleg klart det». No forstår eg litt meir. Og det er mykje lettare når ein forstår, seier Julia.
Fått det ho håpa på
Julia har alltid likt å game. Ho tykkjer det sosiale i gaming er spesielt kjekt. At ho fekk plass på «Game on» var ikkje gitt, for det er eitt av kursa som er veldig populære.
Men Julia fekk plass, og ikkje nok med det:
– Eg får gjere dette saman med bestevenen min, seier ho der ho sit ved sidan av bestevenen Oda. Saman lagar dei ei ny verd i Roblox.

Julia er på nest siste dag av kurset.
– Kva er det du håpa på at du fekk lære her?
– Eg håpa på at vi fekk lære å gjere mykje sjølv, lære koding, gaming, og sånn. Eg håpa eg fekk vere saman med venane mine. Eg har fått det eg håpa på, seier ho nøgd.
Spela nesten 200 timar på «Zelda»
Interessa Henrik har for speling trur han kom frå då han fekk Nintendo Switch i gåve.
– Det var mange som spela «Zelda: Breath of the Wilds». Eg vart interessert og fekk det. No har eg spela nesten 200 timar på det, fortel han.
Henrik valde ikkje kurset sjølv, men det var ikkje vanskeleg å seie ja til «Game on».
– Eg elskar gaming. Eg har altfor mange timar med gaming. Sikkert 5000 til saman, og det blir meir over åra, seier han.

Tretti prosent vanskelegare
Som Julia, tykkjer Henrik at koding er veldig gøy. Han jobbar aleine med å skape ei verd på Roblox.
– Vi kunne velje mellom å lage noko på Roblox eller med Unreal Engine, men eg trur det siste hadde vore veldig vanskeleg, seier han.
Unreal Engine er ein spelemotor som byggjer 3D-spel. «Fortnite», «Hogwarts Legacy» og «It takes two» er døme på spel laga med denne motoren.
– Kodinga har vore tretti prosent vanskelegare enn eg trudde, seier han.
– Det beste eg har vore på
Henrik plar å ha to veker med sommarskule i løpet av sommaren, men i år vart det berre den eine veka. Det er han glad for.
– Kva syns du om sommarskule?
– Det spørst kva slags, seier Henrik.
Kursa kan vere ganske forskjellige, både med tanke på interesse og det sosiale. Men han tykkjer at «Game on» har vore enkelt når det kjem til det sosiale.
– Det var veldig enkelt å møte dei andre. Eg er blitt god ven med dei eg sit på bord med, seier han.
– Kurset har vore det beste eg har vore på, avsluttar Henrik.