Tips til trygg bålbrenning
- Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
- Det er alltid den som brenner bålet som har ansvaret for brannsikkerheit.
- Det bør vere ein vaksen, edru person som har ansvar for bålet.
- Bålet må vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon.
- Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
- Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkkje ved behov.
- Ha eigna slokkemiddel lett tilgjengeleg.
- Det er forbode å brenne plast og anna søppel.
- Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt.
Kjelde: DSB
Høge temperaturar og lite regn gjer at det no er stor fare for skogbrann, melder NRK.
For å hindre at ein skogbrann startar, er det mellom anna viktig at alle følgjer det generelle bålforbodet.
Generelt bålforbod:
- Mellom 15. april og 15. september er det forbode å tenne opp bål og grill i, eller i nærleiken av, skog og anna utmark.
- Det generelle bålforbodet vil som oftast gjelde for stranda òg.
- Om ein trass i det generelle bålforbodet ønskjer å tenne bål eller grille, må ein søkje om løyve frå kommunen.
- Sjølv om det er generelt bålforbod, har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte brann.
- Det skal svært mykje nedbør til før det er opplagt at det ikkje kan føre til brann.
Kjelde: Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB)
Ver varsam uansett
Når ein skal grille på område som er langt unna skog og utmark, som hagar eller tilrettelagde grill- og bålplassar i parkar, gjeld noko som heiter alminneleg aktsemd.
Alminneleg aktsemd vil seie at du må vere forsiktig, ansvarsfull og bålet må vere fullstendig sløkt før du forlèt det.
Om du bruker eingongsgrill, må du hugse å vurdere brannfaren mot underlaget. Under eingongsgrillen blir det varmt og underlaget kan fort ta fyr. Sett aldri grillen direkte på bakken.