Regjeringa skal vurdere fengselsstraffa

Her i Noreg er den lengste fengselsstraffa ein kan få 21 år. Men vi har òg noko som heiter forvaring, og forvaring kan vare lenger enn dette.

  • Prøvelauslating er ei tid gitt til den straffedømde på 1–5 år der personen får sjanse til å vise om dei fungerer i samfunnet og ikkje er ein trugsel. Dersom den straffedømde personen bryt reglane i prøvetida, kan dei få ny forvaringsdom.
  • At forvaring er tidsubestemt betyr at den straffedømde ikkje har eit tydeleg svar på når straffa skal ende. Den gitte tidsramma på, til dømes, 15 år kan bli forlenga når fangen blir risikovurdert.
  • Ei risikovurdering er ei vurdering av den straffedømde for å sjå om dei ikkje lenger er ein trugsel for samfunnet. Vurderinga blir utført av menneske som har følgt opp den straffedømde personen under forvaringa.
  • Når ein person blir straffedømd, er det ikkje uvanleg med minstetid. Til dømes: ein person får forvaringsstaff på 15 år, med ei minstetid på 10 år. Det vil seie at personen ikkje kan bli prøvelauslaten før dei har sona minstetida, altso 10 år.
LES FAKTALUKK FAKTA

Forvaring er ei straff for dei som er ein fare for samfunnet i Noreg. Grunnen til at dei får denne straffa, er fordi dei har utført ein alvorleg kriminell handling som påverkar livet, helsa eller fridomen til andre menneske.

Straffa er tidsubestemt, men retten skal likevel setje ei tidsramme for forvaringa. Denne bør ikkje vere meir enn 15 år, og kan ikkje vere meir enn 21 år.

Så korleis kan forvaring vare lenger enn Noregs lengste fengselsstraff?

Når fangen har sona heile eller delar av forvaringa si – som vi kallar «minstetid» – skal ein vurdere om personen kan kome ut att i samfunnet for prøvelauslating. Dersom personen ikkje viser at dei har endra seg under fengselsstraffa, blir forvaringa forlenga.

Forvaring kan bli forlenga 5 år av gangen, og på denne måten kan forvaringa vare livet ut.

Ser eit behov for endringar

No varslar regjeringa at dei vil sjå på risikovurderinga som gjer at dei som sit i forvaring slepp ut.

Justisminister Astri Aas-Hansen. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Justisminister Astri Aas-Hansen seier til NRK at det er naudsynt med endringar. Det er nemleg slik at 21 av personane som har sete i forvaring og kome ut på prøvelauslating, har utført nye, kriminelle handlingar.

– Det er viktig å gå inn for å gjere Noreg endå tryggare, seier ho.

Å bestemme om ein person kan kome tilbake til samfunnet, kan vere vanskeleg. Fagfolk skal vurdere kva risiko personen er for samfunnet.

– Det er ingen eksakt vitskap, seier Astri.