Kva er eigentleg berekraft?

Berekraft er å laga og bruka det ein treng, på ein måte som ikkje øydelegg. Ordet blir ofte brukt om at menneske brukar av naturen på ein måte som ikkje øydelegg for livet på Jorda i framtida.

FAKTA: Berekraftmåla til FN
  • Ein felles arbeidsplan for verda for å utrydda fattigdom, kjempa mot ulikskap og stoppa klimaendringene innan 2030.
  • Planen er sett saman av 17 mål og 169 delmål. Måla skal fungera som ein felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.
  • Måla blei laga på ein demokratisk måte gjennom innspel frå land over heile verda og nesten ti millionar menneske fekk sagt meininga si gjennom ei spørjeundersøking.
LES FAKTALUKK FAKTA

Ordet berekraft vart først brukt om ting ein hadde bygd. Golvet i eit hus var berekraftig når ein kunne gå på det, utan at ein fall gjennom og ned i etasjen under. Å laga ei berekraftig verd handlar om å finna ein god balanse mellom tre viktige ting: Miljø, økonomi og sosial rettferd.

Miljø:

Miljøet vårt er viktig fordi jorda har avgrensa med ressursar. Me kan ikkje bruka opp alt for raskt, fordi då vil ikkje naturen klara å gi oss nok til å leva i framtida. For eksempel må me stoppa klimaendringar som skjer på grunn av at menneske slepp ut for mykje forureining. Dette gjer at vêret blir meir ekstremt, og at dyr og plantar mister heimane sine.

Økonomi:

Økonomi handlar om at folk må ha jobb og pengar til å kjøpa det dei treng, som mat og klede. Men det er viktig at ikkje berre nokre få menneske får mykje, medan mange andre har lite. Berekraftig utvikling betyr at me skal dela ressursane rettferdig, og at me også skal bruka ressursane på ein måte som ikkje skadar naturen.

Sosiale forhold:

Sosiale forhold betyr at alle menneske, uansett kvar dei kjem frå, skal ha like moglegheiter. Alle skal ha tilgang til skule, helsehjelp og moglegheita til å leva eit godt liv.

 

(Kjelde: FN-sambandet, Snl.no)