Kåra vinnarane av Batterijakta: – Kjempeinnsats!

Konkurransen om å gjenvinne så mykje batteri som mogleg, sørga for at heile 650 000 batteri vart innsamla.

Om Batterijakta og batteri
  • Batterijakta blir arrangert kvart år sidan 2013.
  • Batteri skal til gjenvinning, og aldri kastast i restavfall. Materialet i batteri kan bli brukt i nye produkt.
  • Alle butikkar som sel batteri, skal ta imot batteri av same type som dei sel.
  • Batteri kan skape ein risiko for brann. Derfor er det viktig å teipe over polane på batteria før du leverer dei inn til gjenvinning. Spesielt viktig er det å teipe litium-batteri, 9-voltsbatteri og knappcellebatteri.
LES FAKTALUKK FAKTA

Det er den trettande gongen at Batterijakta blir arrangert. I løpet av dei tretten gongane har elevar i heile Noreg samla inn over 1000 tonn med batteri.

Det tilsvarer over 166 afrikansk savanneelefantar, som er verdas største landlevande pattedyr.

Batterijakta blir arrangert av Miljøagentane, barnas miljøorganisasjon. Yousef Saghir (9) og Henrik Ruud (10) er ivrige deltakarar av Batterijakta, og er miljøagentar.

Dei har motivert klassa si i jakta, og til og med laga ein miljørap.

Vinnarane

I tre veker deltok fjerdeklassingar over heile landet i skulekonkurransen. Berre på den tida samla dei inn 650 000 batteri.

For å vere med i trekninga av førsteplassen, måtte klassane samle opp 2000 poeng. Det var det veldig mange skular som fekk til. Dei måtte utføre fire oppdrag, og kvar elev måtte samle inn minst 40 batteri kvar.

Til slutt vart vinnarane trekt ut av ein pott av alle som samla 2000 poeng.

Tre skular stakk av med førstepremien på 10 000 kroner. Det var klasse 4A ved Bråte skule, 4. klasse ved Beiarn barneskule og 4. klasse ved Stavanger Kristne grunnskule.

Men det vart òg delt ut premiar til ein skule i kvart fylke, altso 15 fylkesvinnarar. Kvar av desse skulane fekk 4000 kroner.

Yousef Saghir og Henrik Ruud står på for å få fjerdeklassingar med på miljødugnaden. Foto: Wanda Nordstrøm / Miljøagentene

Batterifest

I år hadde Batterijakta eit heilt nytt oppdrag, som gjekk på å få lokalmiljøet til å gjenvinne batteri. Altso måtte fjerdeklassingane få folket på staden dei budde til å sjølv ta ansvar for og levere batteri til gjenvinning.

Dette var det mange ulike løysingar på. Nokre lagde plakatar og hang dei opp i butikkar og kjøpesenter, nokre hadde stands og informerte om kor viktig det er med gjenvinning, og nokre inviterte til batterifest.

Leiaren for prosjektet, Ingvild Swane, fortel at det var veldig mange ulike måtar å få lokalmiljøet til å lære meir om batterigjenvinning.

– Vi hadde ikkje nokon reglar for korleis elevane måtte løyse dette, så dei stod heilt fritt til å kome med måtar å løyse det på sjølv, fortel Ingvild.

Og her meiner Ingvild at elevane har gjort ein kjempeinnsats.

– Dei tar verkeleg oppdraget på alvor, seier Ingvild.