Premieredatoen for Minecraft-filmen er klar

Firkanta sauar og blå t-skjorte er kanskje det einaste hintet ein treng for å vite kva dataspel det er. No kjem «A Minecraft movie» på kino.

Guinness verdsrekordar utnemnde Minecraft som verdas mest selde dataspel 15. oktober 2023. No nærmar det seg kinopremiere på A Minecraft movie. Premieredatoen er 4. april, men nokre stadar, som Oslo og Trondheim, har førpremiere 3. april.

Filmen vil gi liv til den mest kjente karakteren frå spelet, Steve. Han blir spela av Jack Black. Det er ein live-action film, sett til 9-års aldersgrense.