Sigbjørn har skrive ei dramatisk historie frå andre verdskrigen

Forfattar Sigbjørn Mostue tek oss med tilbake til krigen i 1940 i si nyaste bok. Han skildrar korleis 11 år gamle Bjørn og familien hans opplever krigens grufulle mørke.

Det er 9. april i år 1940. Tyske soldatar har innteke Noreg, konge og regjering har forlate hovudstaden, og det går rykte om bombeangrep i Oslo. Elleve år gamle Bjørn må flykta saman med foreldra frå heimen sin på Torshov. Dei legg ut på ein tur mot Strandlykkja ved Mjøsa, men etter kvart viser det seg at plassen dei har flykta til er alt anna enn roleg. Akkurat her blir nemleg den norske forsvarslinja sett opp mot tyskarane, og Bjørn hamnar midt i ein brutal konflikt.

Boka «Bomber fra grå himmel» er sterkt inspirert av historier Mostue høyrde frå foreldra og besteforeldra sine.

– Dette er ei historie som både far min og besteforeldra mine fortalde meg fleire gonger då eg var liten. Eg var mykje på Strandlykkja om somrane, så eg har eit nært forhold til staden og kunne levande sjå for meg det dei fortalde om. At familien min hadde opplevd slike dramatiske ting, syntest eg var veldig spennande, fortel han.

Bokomslag: Cappelen Damm

Juksa litt

For å finne fram til fakta om slaget ved Strandlykkja brukte Mostue fleire kjelder. Han snakka med lokale historikarar, las bøker, sjekka ut gamle avisutklipp og hadde samtalar med etterkomarar av dei som var vitne til hendingane. Han prøvde å vera så nøyaktig som mogleg, men han fortel at han «juksa» litt med Bjørn si rolle for å gjera fortellinga meir spennande.

– Far min var nok ikkje fullt så nær sjølve slaga som lesarane får høyra om i boka, men elles har eg ryggdekning når det gjeld det meste, seier han.

Vil engasjera

– Eg håpar at ved å sjå det som skjedde gjennom Bjørn sine auge, så vil okkupasjonen koma nærare lesaren, seier han.

Han påpeiker at det er viktig at dagens ungdom lærer om andre verdskrigen, slik at dei kan unngå at noko liknande skjer i framtida.

– Begge foreldra mine opplevde krigen, og det sette varige spor i dei. Eg er takksam for at både dei og besteforeldra mine fortalde meg det dei gjorde. Det som er rart, er at eg i ettertid har nøsta opp korleis fleire vaksne eg kjende mellom anna var med i motstandsrørsla og drev med illegalt arbeid for å motarbeida nazistane. Men dei snakka ikkje om det etter krigen, det var som om dei berre ønskte å leggja alt bak seg. Heldigvis finst det historier som har vorte fortalde, bilete som har vorte tekne og bøker som har vorte skrive om dette, slik at innsatsen deira ikkje blir gløymd, seier han.

Krigens stygge ansikt

Forfattaren ser at det er mange ting ved dagens flyktningar som minnar om andre verdskrigen. Spesielt når det gjeld krigen i Ukraina.

– Det slår meg kor forferdeleg det må vera å få livet rykka opp med røtene og å måtta flykta frå eit heimland som er herja av krig, seier han, og håpar at denne forståinga kan bidra til meir medkjensle for dei flyktningane som kjem til Noreg i dag.

Han håpar boka vil røre lesarane og gi dei ei djupare forståing av krigen.

– Eg håpar at dei som les boka både vil le litt, bita negler av spenning, og kanskje fella ei tåre innimellom. Eg har prøvd å få fram sjokket eg trur me nordmenn fekk den gong av å mista fridommen, og kor uendeleg verdifullt fridom er. Eg håpar også at boka seier noko om samhald, om det å ta vare på kvarandre same kor mørkt det er.

– Me må aldri, aldri koma i ein slik situasjon igjen, avsluttar Mostue.