Dei fleste ungdommar som slit med hovudverk, har spenningshovudverk, ifølgje Ung.no og Helsedirektoratet.
Spenningshovudverk kjem ofte av stress eller muskelspenningar i nakke og skuldrar. Det kjennest ut som trykkande smerter som ikkje er på éin bestemt stad i hovudet.
Gode tips mot spenningshovudpine:
- Unngå stress. Kutt ned på aktivitetar om kvardagen er for travel.
- Sov nok. Sørg for minst sju timar søvn kvar natt.
- Ver aktiv. Fysisk aktivitet kan hjelpa på muskelspenningar.
- Et og drikk regelmessig. Kroppen treng påfyll for å fungera.
- Bruk skjerm sjeldnare. Mykje tid framfor skjerm kan auka spenningane.
Skriv dagbok
Om du opplever at smertene kjem meir enn 2–3 gonger i veka, kan det vere lurt å snakka med lege. Å ta mykje smertestillande kan faktisk gi meir hovudverk. Nokre gonger er det lurt å føra ei hovudverksdagbok, der du skriv ned når du får vondt, kva du har gjort, og korleis det kjennest.
I nokre tilfelle er det viktig å kontakta lege:
- Om du mistenker at du har migrene. Hovudverken ved migrene blir ofte beskriven som bankande, og kan samtidig gi kvalme, eventuelt oppkast, lysskyheit og sensitivitet for lydar.
- Om du har hatt langvarig hovudverk som ikkje går over.
- Om du har sterke eller aukande smerter etter å ha slått hovudet, bør du ringa legevakta.
- Ved alle former for hovudverk der du får veldig sterke smerter i løpet av kort tid.
- Om du vaknar med hovudverk om natta.
Lege bør òg kontaktast dersom du har hovudverk saman med andre plager, som uklart syn, kvalme, ustødigheit, prikking eller andre symptom.