Fyrverkeri blir forbode i Indias hovudstad rett før storfeiring

No blir fyrverkeri forbode i Indias hovudstad New Delhi fram til nyttår. Dette skjer rett før den tradisjonelle feiringa divali set i gang.

Luftforureining
  • Stoff i lufta som kan påverke menneske si helse og trivsel, eller skade klima og miljø.
  • Luftforureinande stoff kan vere gassar, dropar eller faste partiklar som til dømes støv.
  • Luftforureining skjer i størst grad i byar og i industri område.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Forbodet mot bruk og sal av fyrverkeri i New Delhi er eit tiltak mot luftforureining. Nivået på luftforureininga i hovudstaden er blant dei høgaste i verda, skriv NRK.

Forbodet vil gå seg utover den tradisjonelle, hinduistiske feiringa divali.

Ljosfest

Divali er ein fem dagar lang ljosfestival som finn stad ifrå slutten av oktober til starten av november. Høgtida markerer at ljoset sigrar over mørket.

Divali-feiringa er spesielt stor i New Delhi og ho blir markert med fyrverkeri. I år vil dette rett nok ikkje vere mogleg.