– Første gong eg las noko på nynorsk var det sånn: «Dette er litt vanskeleg, men eg kan skjøna det til slutt», seier Ara Ranja Mohammad (12).
7.-klassingen er ein av 10 000 elevar på mellomtrinnet som har lese dei fem nominerte bøkene til ARKs barnebokpris.
– Lærte veldig mykje nynorsk
Denne hausten vart Udyr av Ingvild Bjerkeland kåra til vinnaren, medan dei to nynorskbøkene Jenny Fender og Historia om Erling Braut Haaland ikkje nådde heilt til topps.
Elevane ved Linderud skole i Oslo er likevel einige om at nynorsk ikkje er så veldig vanskeleg.
– Det var kanskje nokon ord som eg ikkje skjønte, men vis eg tenkte hardt nok på det så fann eg til slutt ut kva dei meinte, forklarar Ara.
– Eg lærte veldig mykje nynorsk, seier Kabisha Subendran (12).
Ho går i 6. klasse og likar fotball, difor syntest ho det var spanande å lesa fakta om Erling Braut Haaland. Ho synest det er ein god start på å læra nynorsk.
Nynorskhistorie på skulebiblioteket
Skulebibliotekar Liv Brita Brodal jobbar aktivt for å få opp engasjementet, kjærleiken og gleda over nynorsk. Det inneber både å leita fram lettlesne nynorskbøker for dei som ikkje har det som hovudmålform, men òg å formidla historia for mellomtrinnet.
Ho brukar rollespel for å formidla nynorskkampen ved Det Norske Teatret, og let elevane kasta tøygrønsaker og halda opp antinynorskslagord for teaterstykket som vert spelt.
– Eg opplever at mange synest det er gøy, men om det berre er fokus på grammatikk, då blir det vanskeleg. Så det å formidla bakgrunnen for nynorsk så dei skal forstå kvifor, trur eg skal gjerast på ein levande måte, seier ho til Framtida Junior.
På Linderud skole er det mange fleirspråklege elevar, noko som betyr at fleire kan ha fritak i nynorsk. At dei ikkje skal vurderast i sidemål, meiner skulebibliotekaren gjer det endå viktigare å formidla gleda.
Når elevane får historia og sjølv skal bestemma vert det nesten alltid siger for eit eige norsk språk basert på norske dialektar, framfor dansk.
– Når du introduserer nynorsk tidleg, så synest dei det er spanande. Om ein spør om det er nokon som kan litt nynorsk, så synest dei det er gøy å seia at: «ja, der seier ein eg og ikkje jeg».
Kjem til å lesa meir nynorsk
Ara har lært om nynorsk på skulen, men forklarar at han kunne lesa nynorsk før det.
– Det er jo nesten det same, berre at nokre ord er forskjellig og oppsettet er forskjellig, men om du les det så høyrer du ikkje aksenten. Du les det berre, det er ikkje som du høyrer nokon snakka.
– Trur de at de kjem til å lesa fleire bøker på nynorsk?
– Ja, sikkert det, svarar Kabisha, som får støtte av Ara.