I begynninga av fjoråret stod 11 786 barn og unge på venteliste hos BUP. I den same perioden i år stod 13 000 barn og unge på venteliste. Samanliknar ein tala med tidlegare år, ser ein at ventelistene jamt over aukar.
– Det er store forskjellar rundt om i landet på kor god psykisk helsehjelp barn og unge får, men auke i ventelistene betyr at ikkje alle får tidleg nok hjelp når dei treng det. Slik bør det ikkje vere, seier seniorrådgivar Hilde Silkoset i Barneombodet.
Barneombodet er opptekne av at barn og unge skal få god psykisk helsehjelp, altså at barn skal få god hjelp om dei slit med vonde tankar og kjensler.
– Vi er uroa for at mange barn må vente for lenge på å få den hjelpa dei treng, seier Hilde.
Heldigvis ser Barneombodet at myndigheitene tar dette på alvor.
– Dei har laga det dei kallar ein opptrappingsplan for psykisk helse, der dei lovar å sikre ei betre oppfølging av barn og unge med psykiske lidingar. Eit av måla i planen er at ventetida for barn og unge skal ned. Det er bra, seier Hilde.
Forslag til forbetringar
Emma Sofie Lae-Pedersen er leiar av ungdomsrådet i Helse Fonna. Ho synest det er veldig synd at ventelistetala i BUP aukar.
– Det betyr jo at fleire og fleire unge treng hjelp som dei ikkje får, seier ho.
Ho tenker at det er fleire måtar den psykiske helsetenesta til barn og unge kan bli betre.
– Dei kan for eksempel tilsette fleire, eller ha meir fleksible tenester slik at barn og unge kan få hjelp der dei er og når dei treng det. Dessverre er mange av tenestene lite fleksible med oppmøte på eit kontor til faste tider. Det gjer det vanskeleg for barn og unge med for eksempel sosial angst, seier ho.
I tillegg meiner ho det er viktig at dei som driv helsetenestene snakkar med dei som bruker dei.
– Då kan tenestene bli meir treffsikre, seier ho.