Prosjektet har fått namnet Lunar Codex, skriv The Guardian. Prosjektet blir leia av fysikaren og kunstsamlaren Samuel Peralta frå Canada. Han håper kunsten på månen blir funnen av menneske i framtida.
På heimesida til prosjektet skriv han:
«Vi håper at reisande i framtida som finn desse tidskapslane vil oppdage noko av det flotte ved verda vår i dag…
Tidskapslane fortel at trass i krigar, pandemiar og klimaendringar, fann menneska tid til å drøyme og til å lage kunst.»
Ikkje dei første kunstverka på månen
Kunstnarar frå 157 land deltar, og kunsten blir fordelt i fire samlingar. Den første samlinga har allereie flydd rundt månen, då Nasa sin Orion-kapsel hadde med seg kunst i fjor. Seinare i år blir fleire kapslar plasserte i krater på sørpolen av månen og på ei måneslette kalla Sinus Viscositatis.
Dette er ikkje dei første kunstverka som blir plasserte på månen. Allereie i 1969 blei kunst frå mellom anna kunstnaren Andy Warhol plassert på månen under Apollo 12-ferda.