– Naturen vert nedprioritert for profitt igjen og igjen

På onsdag brukte vi opp jordas ressursar for i år. – Systemet vi har skapt tømmer ressursane på kloden, seier Spire-leiar Elise Åsnes.

Onsdag var verdas overforbruksdag. Overforbruksdagen er den datoen menneska på jorda no har brukt opp dei ressursane vi har «råd» til å bruke på eit år. Det er organisasjonen Global Footprint Network som reknar ut kva dato overforbruksdagen fell på.

– Resultatet er at naturen forsvinn i eit alarmerande tempo, utan å få høve til å hente seg inn igjen, forklarar Karoline Andaur frå Verdens naturfond (WWF).

Elise Åsnes, leiar i miljøorganisasjonen Spire, meiner dette er ein dyster dag.

– Vi er midt i ei akutt klimakrise. Samtidig er utnyttinga av naturen langt over tolegrensa til naturen, seier Åsnes i ei pressemelding.

– Frå og med i dag lever vi på kreditt, og gjelda vår til naturen vert stadig større.

Nedprioritert for profitt

Spire meiner det hastar å kutte i det globale forbruket og uttaket av nye ressursar. Særleg etter endå ein sommar med rekordhøge temperaturar og faretruande hetebølger.

– Det er svært skremmande å sjå korleis naturen vert nedprioritert for profitt igjen og igjen. Det er klokkeklart at det systemet vi har skapt, tømmer ressursane på kloden og produserer mykje meir avfall enn naturen og kloden kan tola, seier Åsnes.

Men ho understrekar at vi kan gjere endringar. Ho slår fast at unge har fått nok av tomme løfte.

– Regjeringa må gå føre og vise politisk vilje, seier ho.

For Noreg var overforbruksdagen allereie 12. april. Noreg var eitt av dei første landa i verda som brukte opp sine ressursar for 2023.

Denne artikkelen vart først publisert på Framtida.no, som er Framtida Junior si søsteravis.