LES FAKTALUKK FAKTA
Å gro eigen mat kan verka vanskeleg, difor har Framtida Junior samla ei liste på tre grønsaker som gjer det enkelt å starta sin eigen grønsakhage.
Undervegs må du passa på at plantene får nok vatn og lys, utan at dei blir drukna i vatn.
Reddik
Reddikar er rike i antioksidantar og minerala kalsium og kalium.
Reddikar gjer seg godt i salatar, eller som eit mellommåltid.
Å gro dei er veldig lett. Berre følg stega under, så har du din eigen reddikåker.
- Fyll på med jorda ein kasse eller ei store bøtte.
- Strø frøa med mellomrom på 4–5 cm.
- Vatna plantene med jamne mellomrom
- Om cirka ein månad er reddikane klare til å haustast!
Sukkererter
Sukkererter inneheld mykje kostfiber, C-vitamin og B-vitamina tiamin og folsyre.
- Legg sukkerertene du skal så i ei glas med vatn i eit døgn.
- Lag små hol 3 cm ned i jorda i ei potte eller ein kasse med cirka 8 cm mellomrom.
- Så sukkerertene nedi hola og fyll på med jord og vatna godt.
- Når plantene spirer, så treng dei noko å klatra i. Bruk greiner eller pinnar og hyssingtråd som dei kan klatra i.
- Haust sukkerertene når dei er store nok. Det tar truleg minst 40 dagar.
Gulrøter
Gulrøter er ei utmerka kjelde til betakaroten som blir til A-vitamin i kroppen. I tillegg
inneheld dei kostfiber, kalium og vitamin C.
- Plant gulrotfrø i ein stor mjølkekartong, ei stor potte eller ein kasse full av jord.
- Strø litt jord på toppen av alle frøa og vatna godt. Det gjer ingenting om frøa ligg ganske tett.
- Pass på å luka vekk ugras undervegs.
- Du kan òg gje gulrøtene litt næring medan dei gror, då blir dei større.
- Det kan ta 2–3 månader før gulrøtene er ferdige, men det går an å plukka mini-gulrøter undervegs slik at dei andre får større plass. Fyll på jord i hola til dei du haustar undervegs.