- TikTok er eigd av det kinesiske selskapet ByteDance. Det vart starta i 2012 av Zhang Yiming.
- I 2017 vart TikTok gitt ut for marknaden utanfor Kina.
- TikTok er ikkje tilgjengeleg i Kina, men i 2016 lanserte ByteDance appen Douyin for den kinesiske marknaden.
- TikTok og Douyin er identiske, men Douyin har andre retningslinjer.
- TikTok er populært i Asia, USA og store delar av verda, og appen var tilgjengeleg på 39 språk per 2020.
- I september 2018 var TikTok månadens mest nedlasta app i USA – den første kinesiske appen som har klart dette.
- Per 2021 var det registrert éin milliard brukarar. Totale nedlastningar er omtrent tre milliardar per juni 2021.
(Kjelde: Wikipedia)
LES FAKTALUKK FAKTA
– TikTok er av mange årsaker problematisk. Det gjer at me skal vera ekstra restriktive i publiseringa mot dei yngste brukarane. Den resterande publiseringa me gjer på Tiktok skal spissast mot tenåringane, seier sosiale medium-rådgivar Merethe Åsegård i NRK.
TikTok er eit kinesisk sosialt nettverk der brukarane kan dela korte videoar, i all hovudsak gjennom ein mobilapp. Videoane inneheld ofte song-miming, humor, dans eller matlaging.