Forskarar ved Cambridge University og Johns Hopkins University har klart å ta bilete av bananflugelarver for å laga eit veldig detaljrikt kart, skriv Smithsonian Magazine.
Ei bananflugelarve er veldig liten, og har ein hjerne på storleik med eit saltkorn.
Det tok 12 år å kartlegga alle dei 3000 nervecellene og nesten 550 000 forbindingar i flugene sine hjernar.
Til no har det berre vore laga sånne kart for tre andre insekt, forskarane seier dette er eit stort framsteg.
Les meir: Fleire hundre nye insekt er oppdaga i Noreg
Les også: Forskarar skal forvandla insekt til videodronar