Hedvig tenkjer i ord og lydar – ikkje i bilete | Framtidajunior.no

Hedvig tenkjer i ord og lydar – ikkje i bilete

Hedvig Sudland Rønning (22) kan ikkje få opp bilete i hovudet, sjølv om ho prøver. Foto: Privat

Heile livet har Hedvig Sudland Rønning (22) hatt noko forskarar kallar afantasi, skriv Ung.Forskning.no.

– Eg kan ikkje få opp bilete i hovudet, sjølv om eg prøver, fortel ho.

Når ho tenkjer på noko, er hovudet framleis blankt.

Foto: Privat

Ho har levd livet heilt som vanleg, og visste ikkje først at ho hadde afantasi.

Hedvig får ikkje opp bilete i hovudet når ho er vaken, men ho drøymer i bilete.

Lærarar må få vite om dette

Ung.Forskning.no har også snakka med Ylva Østby Berger som er nevropsykolog.

– Det vanlegaste er å veksla mellom ulike bilete. Kanskje ser du eit uklart eple, ei teikning av eit eple og eit eple med litt ulike fargar.

Ylva synest at det er på tide at lærarane får høyre om dette, så dei skjønar at det er fleire måtar å løysa oppgåver på.

– Afantasi viser oss at det er mange måtar å tenkja på. Me bør bli meir kjende med at folk er ulike både utanpå og inni, seier Østby Berge.

Kva meiner du?

3 svar

Skal du sjå fotball-EM?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir