Slik taklar du stress

Blir du stressa av alt du skal rekke i løpet av dagen? Grublar du mykje eller gruar du deg til noko? Kanskje har du svært høge krav til deg sjølv?

Då kan det vera å lurt å læra seg å meistra stresset.

Men fyrst: Kva er stress?

Stress er reaksjonen på ein krevjande situasjon. Det er ikkje sjølve situasjonen me blir utsett for som bestemmer om noko er stressande, men korleis me reagerer på det me blir utsett for. Nokon kan til dømes blir veldig stressa av å framføra noko framføre klassen, medan andre synest det er ei gøy oppgåve. Alle menneske opplever stress forskjellig. Du kan bli stressa av noko vennene dine ikkje blir stressa av – og det er heilt normalt.

Korleis reagerer kroppen?

Alle reagerer ulikt. Nokon får humørsvingingar medan andre strevar med å få sove om kvelden. Ein del opplever fysiske smerter som magesmerter og vondt i hovudet. Andre kan få problem med å konsentrera seg om skulearbeidet. Nokon vil helst vera for seg sjølv, medan andre blir veldig sinte og frustrerte.

Dei fleste toler stress godt. Stress i seg sjølv gjer oss ikkje sjuke, men stress som blir for intenst eller går føre seg over for lang tid kan bli ei belastning.

Må stress vera negativt? 

Nei. Me kan bruka stress til noko positivt! Å vera nervøs, stressa og spent kan nemleg komma til nytte for deg. Idrettsutøvarar er gode på dette. Stress hjelper dei prestera bra i konkurransar. Du høyrer dei gjerne seia at dei «har nervar» før ein konkurranse. Det betyr at kroppen er aktivert og klar for kamp. Dei har øvd på å bruka stresset til noko bra. Det kan du også gjera.

Kva kan eg gjera om eg er stressa?

Korleis du tenkjer om noko, påverkar korleis du føler deg. Viss du kjenner at du er stressa i kroppen, er det viktig at du stoppar opp og finn ut kva det er som skapar stresset. Då kan du finne andre måtar å tenkja om situasjonen på.

LES MEIR: Sjekk ut desse sju supre tipsa til kva du kan gjera!

 

(Kjelde: NHI)