Har du nokon gong tenkt over kvifor me er så opptekne av kjendisar? Om kvifor det er slik at Christiano Ronaldo har heile 497.64 millionar følgjarar på Instagram?
Kvifor er me faktisk så interesserte i kva kjendisane har på seg, korleis dei lever liva sine, og kva dei publiserer i sosiale medium?
Dette har fleire forskarar forsøkt å finna ut av. Og det kan sjå ut som det heng saman med menneskets interesse for sladder, skriv forsking.no.
Kva er eigentleg sladder?
Mange tenkjer på noko negativt når ordet sladder vert nemnd. Baksnakking, falske rykte og tisking og kviskring bak ryggen til andre. Men det treng ikkje å vera snakk om negative samtalar.
Når forskarar snakkar om sladder, meiner dei samtalar som handlar om folk som ikkje er til stades. Ein studie frå 2004 har slått fast at opp mot 65 prosent av alle samtalane me har, er slike samtalar.
Sladder gjer oss glade
Forsking viser at desse samtalane i stor grad gjer oss glade.
Forskarane fann nemleg ut at me blir glade av å høyra positiv sladder om oss sjølv, men lei oss viss me får høyra negativ sladder. På den andre sida kunne forskinga slå fast at me blir underheldt om me høyrer negativ sladder om kjendisar.
Helle Kannik Haastrup, er lektor i film og medievitskap ved Københavns Universitet. Ho har fortalt til forskning.no at grunnen til at me er så interesserte i kjendisar, er at dei blir eit symbol på det me interesserer oss for.
Kjendisane blir ein felles referanse
– Kjendisar formidlar forteljingar om kven me er og kva me både kulturelt og samfunnsmessig synest er relevant, seier ho.
Ho nemner også at dei kjende personane me identifiserer oss med, gjerne kan noko spesielt, slik at me ser opp til dei. Eksempel kan vera om nokon er flink i jobben sin, at dei er suksessfulle idrettsstjerner eller skodespelarar.
– Me er interessert i den synlege suksessen, men også dei kvardagslege forteljingar som mellom anna blir synleg på Instagram eller TikTok.
Det er også slik at me ser mest opp til dei kjendisane som er på den same alderen som oss sjølv, og som gjerne også har det same kjønnet som ein sjølv.