Kva handlar dei ulike dagane i påska om?

Påska er ei høgtid der kristne minnast Jesu liv, død og oppstode. Men, kva skjedde dei ulike dagane?

Påska er ein periode på 40 dagar, som blir avslutta ved byrjinga til pinsa. Veka før palmesøndag kallar me den stille veka. Tidlegare var det tradisjon å fasta denne tida. Den tradisjonen er meir eller mindre forsvunne i dag.

Palmesøndag: Palmesøndag er dagen då Jesus ifølgje den kristne trua, rei inn i Jerusalem for å feira påska med jødane. Folkemengda skar palmegreiner av trea og la dei på bakken då han kom ridande inn på eit esel. Jesus blei hylla som ein konge.

GIF: Giphy.com

Skjærtorsdag: I historiene frå evangelia i Det nye testamentet står det at Jesus, kvelden før han vart korsfesta, oppfordra disiplane til å eta brød og drikka vin saman med han så syndene deira skulle bli tilgitt. Jesus et det siste måltidet sitt saman med disiplane. Han visste at tida var kommen for at han skulle døy. Derfor gav han dei brød og vin. Jesus blir forrådd av Judas Iskariot som var ein av dei tolv disiplane.

Langfredag: Denne dagen blei Jesus pint på korset. Han døyr om natta og blir lagt i ei hòle. Desse dagane i påskehøgtida markerer sorg og liding.

Påskeaftan: Kvelden før påskedag er ei tid til ettertanke.

1. påskedag: Nokre kvinner gjekk til hòla der Jesu døde kropp skulle vera, for å vaska og stella han. Dei fann hòla tom. Jesus var stått opp frå dei døde. Denne dagen er ein gledas dag i påskefeiringa.

2. påskedag: Jesus viser seg for disiplane.

(Kjelde: Store Norske Leksikon, Wikipedia)