No er det håp om at bilda kan spela ei stor rolle korleis me menneske forstår svarte hol i prosessen der stjerner og planetar blir laga. Forskarane seier at bilda kjem til å visa oss korleis galaksar utviklar seg, skriv BBC.
Dei som var ansvarleg for studien, greidde å produsera bilda ved å kopla saman meir enn 70.000 små antenner som var plassert rundt om i Europa. Sjølv om dei fleste av antennene er i Nederland, var det ein utfordrande prosess å samla dei inn.
Derfor har det tatt neste seks år å realisera prosjektet.
På denne GIF-en kan du sjå korleis oppløysninga kan gjerast klarare ved hjelp av dei nye teknikkane. Kjelde: L.K. Morabito; LOFAR Undersøkelser KSP
– Må forstå det svarte holet
Bilda har avslørt at galaksar er mykje meir enn ei samling av stjerner.
– For å forstå korleis galaksar utviklar seg, må me forstå det svarte holet heilt i sentrum av den. Det ser ut til å ha ein ganske grunnleggjande innverknad på korleis galaksar utviklar seg, og desse bilda let oss undersøka nettopp dette, seier Neil Jackson, som jobbar som forskar ved Universitetet i Manchester.
Han held fram:
– Desse bilda gjer det mogleg for oss å zooma inn for å sjå kva som eigentleg skjer.