– Det har vore ganske artig og veldig spennande. Me var veldig spent på kor mange mikrometeorittar me greidde å finna, seier Steinar Tobias Hassel (11), Ingrid Buaune (10) og Olaf Henrik Zurek (10).
Det siste halve året har dei jobba med eit veldig spennande prosjekt på Fevåg/Hasselvika skole i Trøndelag. Saman med resten av elevane og lærar Arnulf Bergstrøm, har dei leita etter og funne mikrometeorittar på skuletaket.
NRK omtala saka først.
Heile prosjektet starta etter at læraren hadde leita etter mikrometeorittar på privaten. Han visste at det var mogleg at dei ville greia å finna dei bitte små steinane på skuletaket.
– Det var ein fascinerade idé at det var ein sjanse for å gjera funn på skulen, seier han.
0,3 millimeter store
Det ligg masse tid og tålmod bak prosjektet. Først leita elevane etter massar på taket og i takrenna. Etterpå vart massane vaska og gjort i stand.
– Me brukte brannslangen til å vaska støvet og sil til å filtrera vekk det som me ikkje ville sjå nærare på, seier elevane.
Omsider sat dei att me noko som likna på sand. Sanden vart deretter tørka og nøye sortert etter forskjellege storleikar, ved hjelp av silar i ulik storleik. Deretter vart dei sortert magnetisk og undersøkt under mikroskop og med tannpirkar.
– Ein av nøklane til å finna mikrometeorittar, er å vita at dei er om lag like store, seier Arnulf og fortel at steinane er rundt 0,3 millimeter store.
Elevane viser fram bilder av mikrometeorittane dei har funne, som heng til utstilling i klasserommet. Dei forklarar at meteorittane som regel er svarte, men at dei også kan ha ulike fargar og at dei kan vera gjennomsiktige. Arnulf fortel at det ikkje er noko anna på jorda som liknar dei bitte små steinane.
Fann 20 mikrometeorittar
– Forma og overflata på desse steinane er ulikt alt anna på jorda. Viss me studerer dei, kjenner me dei att. Dei er veldig fine – nesten som smykkesteinar.
Steinar Tobias, Ingrid og Olaf Henrik har brukt mykje tid til å sjå på meteorittane i mikroskop, og er glade for at dei har fått vera med på eit så spennande prosjekt.
– Me er ganske heldige som har ein lærar som er så interessert i dette. Og så har me vore heldige og fått bruka utstyr som kanskje ikkje alle har. Eg har sett veldig mykje i mikroskopet, seier Olaf Henrik.
No har elevane fått resultatet av leitinga – og det er eit resultat dei er svært nøgd med.
– Me var heilt sikker på at me hadde funne fem stykk, men så viste det seg at me faktisk hadde funne 20!
Svara på kor mange mikrometeorittar dei faktisk hadde funne, fekk dei frå verdas største ekspert på dei bitte små meteorittane, Jon Larsen. Han har undersøkt og passar på steinane i Oslo enn so lenge, men planen er at dei skal enda opp att på skulen – der dei vart funne.