Du kan sjå 120 stjerneskot i timen

Meteorsvermen Geminidene kjem kvart år, men i år vert det ekstra lett å sjå stjerneskota grunna lite lys frå månen.
Rundt kl. 7.30 torsdag morgon er det størst sjanse for å sjå, men allereie frå onsdag kveld aukar sjansen.
Alle i landet kan sjå stjerneskota, med det blotte auga. Prøv å finne ein stad der lys frå bygningar ikkje nattehimmelen.
Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og science-fiction-forfattar og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes forklarar kva som skjer:
– Årsaka til at vi får sjå Geminide-svermen er at jorda passerer gjennom dei tettaste delane av støvbåndet frå asteroiden som har namnet “3200 Phaethon”. Støv og sandkorn kjem inn i atmosfæren i full fart (127 000 kilometer i timen) og brenn opp.
Det er dette du ser på himmelen som stjerneskot.
Skriven ut frå Framtidajunior.no · framtidajunior.no
Kva meiner du?
24 svarVil du ete klementiner eller ribbe ti dagar på rad?
Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.