Kvart år vert pannekakedagen markert den første tysdagen etter fastelavn. Og det er ikkje tilfeldig, skriv Smakmagasinet.
Etter gammalt av startar fasten på askeonsdag. Dagen før vert kalla feitetysdag, og det er i dag.
Historisk sett var feitetysdag ein festdag, der det var om å gjera å få i seg mest mogleg feit mat. Målet var å kvitta seg med så mykje som mogleg av ferske matvarer, som mellom anna melk, mjøl og smør – som alle er ingrediensar ein treng for å laga pannekaker.
Slik vart feitetysdag den store pannekakedagen!
Internasjonal dag
Pannekakedagen er ein internasjonal dag, og det er forskjellige oppskrifter på pannekaker rundt om i verda.
I Frankrike lagar dei crêpes, som er ei tynn pannekake som blir servert med fyll.
I Russland kallar dei pannekakene sine for blinis. Dei er små og tjukke og blir ofte servert med kaviar, rømme og raudløk.
I USA er pannekaka stor og tjukk. Som regel et amerikanarane pannekaka si saman med bacon og sirup.
Pannekaka til landa i Sør-Amerika, er tortillaen. I Noreg er me godt kjent med den, då dei aller fleste av oss et den til fredagstacoen.