Det er tidleg morgon, og inngangshallen til Klima og miljødepartementet er full av folk på veg til jobb. Ved resepsjonen står to spente 12-åringar og presenterer seg.
– Eg heiter Johanna Bjørge Nerheim…
– …og eg heiter Nanna Nielsen. Vi er her for å intervjue klimaministeren.
Etter å ha festa på seg namnelappar er Nanna og Johanna klare til å prøve seg som Framtida Junior-journalistar. På andre sida av døra sit han, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, og ventar på å ta imot dei.
Det som born seier må vere ekstra viktig for meg og andre vaksne
– Er de nervøse?
– Ja, kanskje litt, svarer jentene, men ser rolege ut likevel. Så går dei gjennom døra og rett bort til ministeren for å helse på koronavennleg vis – med albogen.
Dei unge må ta følgjene
Det fyrste Johanna og Nanna vil ha svar på frå ministeren, er korleis barn og unge kan bli høyrde om klimasaka.
– Det er viktig at barn seier frå, både til foreldre og til politikarar, svarer Sveinung Rotevatn.
– De kan be foreldre om å bruke bilen mindre, eller til å bli bedre på å sortere boss. De kan skrive eller ringe til politikarar, eller engasjere dykk i grupper som Miljøagentane.
– Men høyrer du som er politikar på oss born og unge? vil Nanna vite.
– Eg høyrer så godt eg kan. Det som born seier må vere ekstra viktig for meg og andre vaksne, for det er ikkje vi som skal leve lengst med negative verknadar av klimaendringane. Det er det dei unge som må.
Eg kan ikkje hugse at det vart snakka om noko klimakrise
– Kva gjer du sjølv for å bidra i klimakrisa? spør Johanna
– Eg prøver å reise miljøvennleg, velje å sykle eller ta kollektivt når eg kan, og å ete mat som er bedre for miljøet, som fisk og grønnsaker. Det eg er dårlegast på er å ta fly, som eg gjer veldig ofte grunna jobben min.
Hadde ikkje høyrt om krisa
Det neste dei to junior-journalistane vil vite er om ministeren hadde høyrt om klimakrisa og global oppvarming då han var på deira alder.
Ministeren, som er 33 år gammal, må tenkje seg om for å hugse korleis det var då han sjølv gjekk i sjuande klasse. Det er tjue år sidan.
– Eg hugsar vi lærte om drivhuseffekten, som er det som gjer at kloden vert varmare når vi slepp ut meir CO2… men eg kan ikkje hugse at det vart snakka om noko klimakrise, seier klimaministeren, som har gått på barneskule i Nordfjordeid.
– Det var nok ikkje like mykje merksemd rundt det, sjølv om vitskapsfolk visste kva som føregjekk også den gongen. No er det heldigvis på agendaen på ein annan måte.