Elbilar, grønsaker og boss i naturen

Dette svarte klima og miljøministeren på spørsmåla frå Framtida Junior sine lesarar:

Spørsmål frå Didrik, ni år: 

– Korleis kan vi få folk til å slutte å hive boss i naturen? 

– Vi må be dei som gjer det om å skjerpe seg! Det er ikkje lett å vere den som seier frå til vener om at “det der er ikkje kult”, men det er viktig å gjere det likevel. Dersom du skal seie frå til nokon kan du nemne kor farleg boss i naturen er for dyr, der vi til dømes ser at store pattedyr som kvalar døyr fordi dei får magen full av plastikk. 

Spørsmål frå Eline, ti år:

– Eg lurer på om det er elbil eller vanleg bil som er best for miljøet?

– Det er definitivt elbil. Nokre er ueinige, og meiner at elbil ikkje er så bra for miljøet, fordi det krev mykje energi å lage dei, og den energien kjem ofte frå olje eller kol. Men det veg elbilane likevel opp for samanlikna med ein vanleg bil, som slepper ut klimagassar i tjue år. 

Spørsmål frå Liam, ti år:

– Kvifor er grønsaker så dyrt? Burde det ikkje vere billegare?

– Eg er einig i at det burde vere billegare med frukt og grønt, og dyrare med mat som er dårleg for klimaet. Grunnen er rett og slett at det kostar mykje å dyrke grønsakene. Likevel et vi dobbelt så mykje frukt og grønt no som då besteforeldra dykkar var små. Det er veldig positivt.