– Ord formar oss som menneske, og kan vere med på å skape skilnadar mellom gutar og jenter, seier 18 år gamle Kashish Kaur Sekhon. Ho er med i Plan Ungdom, som har sett i gang ein kampanje for å endre eksempelsetningane i ordbøkene.
Som eksempel på bruk av ordet «pen» står det i ordboka gjerne «en pen dame», medan det som døme på ordet «sterk» typisk står «en sterk mann». Dette påverkar korleis vi tenkjer at gutar og jenter er, meiner Kashish:
– Når du er jente så er du søt og nusseleg, medan er du gut så er du smart og sterk.
Suksess allereie
Til no har Plan Ungdom samla over 6000 underskrifter, som skal overleverast til kultur- og likestillingsminister Abid Raja, Språkrådet og Det Norske Akademis ordbok. Målet er at ordbøkene skal bli meir likestilte og moderne innan utgangen av 2020.
Vi veit at ordbøker kan ha stor innverknad på oppfatninga vår av både språket og verda.
Allereie mandag 12. oktober kunne dei juble for sin fyrste siger. Då hadde Det Norske Akademis ordbok endra døma dei nytta i samband med ord som «klok», «sterk», «søt» og «dyktig».
Her er eit døme på endringane frå «en klok mann» til «en klok mann/kvinne»:
Håper fleire følger etter
Kashish synest det er godt at ordboka har høyrt og forstått kor viktig dette er.
– Det er kjempebra og det er ein start, men vi har mykje meir å jobbe med, seier 18-åringen.
Ho håper at alle ordbøker no følgjer etter og endrar eksempelsetningane sine, slik at dei vert meir tilpassa dagens samfunn.
Tøffe karer på ishavsferd
I Bokmåls- og nynorskordboka finn du framleis eksempelsetningar som «ein smart forretningsmann», «ein modig gut», «den sterke mannen i regjeringa», «tøffe karer på ishavsferd» og «ei pen jente».
Gutar vert rosa for å til dømes vere smarte, aktive og tøffe, medan jenter vert skildra som søte, pene og snille.
Direktøren for Språkrådet, som eig ordboka saman med Universitetet i Bergen, fortel at endringar er på veg.
– Det er viktig, for vi veit at ordbøker kan ha stor innverknad på oppfatninga vår av både språket og verda.
Smarte gutar, søte jenter
Kashish trur det er veldig få som tenkjer over korleis språket i ordbøkene er med på å forme korleis vi tenkjer.
– Når vi les får vi indirekte inn at gutar er smarte, men herregud, ei jente kan vere smart ho òg, peikar 18-åringen på.
Ho trur språket i samfunnet er med på å forma born frå tidleg alder, slik at gutar vert rosa for å til dømes vere smarte, aktive og tøffe, medan jenter vert skildra som søte, pene og snille.
Bossy er negativt ladd, medan boss er positivt.
Boss vs bossy
– Ingen kjem til å innrømma at dei ser på jenter og gutar ulikt. Det har berre skjedd og me får det inn i hjernen vår gjennom ordbøkene og korleis me snakkar, seier Kashish.
Ho peikar på at det vert sett på som positivt om gutar er aktive og utadvendte, men at jenter som er tøffe og utadvendte vert sett på som bossy (som tyder “sjefete” på engelsk). Ikkje boss (som tyder: “sjef”), som er vanlegare å bruke om gutar og menn.
– Bossy er negativt ladd, medan boss er positivt. Det er skummelt å tenkja på at ord påverkar oss ubevisst så mykje. Foreldre bør tenkja på det når dei snakkar til borna sine, avsluttar 18-åringen.