Ekspertar meiner at kommunane bør tilby gratis skulemåltid

Norske ekspertar foreslår at myndigheitene lagar ei lov som seier at kommunane skal tilby gratis skulemåltid til elevane.

Ekspertene meiner at skuleelevar treng meir sunn mat i kvardagen. Mange et mat som inneheld for mykje sukker og metta fett, og for lite frukt, grønsaker og fisk.

– Norske myndigheiter burde vera best i klassen. Noreg er eit rikt land, så det er eit stort potensial til å gjere det betre, seier Liv Elin Torheim, som er professor ved fakultetet for helsevitenskap ved Oslo Met til NRK.

Eit ekspertpanel med 34 norske ekspertar innan ernæring og folkehelse har studert norske myndigheiter sin innsats når det gjeld sunn mat til barn og unge.

Prosjektet heiter Healthy Food Environment Policy Index. I Noreg er det forskarar ved Oslo Met som har vore ansvarlege for studien, og dei har mange råd til norske myndigheiter.

– Ein må leggje til rette for eit sunt kosthald i barneåra, meiner Torheim.