Til to porsjonar treng du:
- 1 løk, finhakka
- 1 fedd kvitløk, finhakka
- 2 store poteter, i terningar
- 5 dl kyllingkraft
- 1 god handfull frisk spinat, vaska
- 1 dl fløyte
- Salt & pepar
- 200 gr fisk, i bitar
Varm opp ein kjele med litt smør eller nøytral olje. Tilset løk og kvitløk til løken blir blank. Tilset potetene og hell på krafta. Sett på lokk og la det koke på middels varme til potetene er møre. Tilset spinaten og kok i eit lite minutt til spinaten fell saman før du trekk kjelen av plata. Mos alt godt med ein stavmiksar.
Ha i fløyta, kok opp og smak til med salt og pepar.
Legg i fiskebitar og la det trekkje i ca 5-10 minutt
Server gjerne med godt brød til – vel bekomme!
- LES OGSÅ: Slik lagar du spinat- og potetsuppe