– Vi må lage mat saman for å gjere det interessant

– Klar-ferdig-kok! ropar kokken Rune Sandø frå Unge kokker. 12 elevar frå Vålerenga skole er på plass rundt kjøkkenøya på Biblo Tøyen i Oslo. Dei skal lære å lage middag med fisk.

– Eg er ikkje så glad i fisk. Når vi et fisk heime er det mest torsk og laks. Einaste fisken eg eigentleg likar er laks, seier Jens.

Jens og Robert er i gang med å lage spinatsuppe med torsk.

Rundt kjøkkenøya er det fem matstasjonar. Det skal lagast spinatsuppe, tomatsuppe med blåskjel, lakse-wok, sushi og tacolefse. Alle rettar er med enten laks, torsk eller sei.

SPINATSUPPE: Jens og Robert lagar spinatsuppe med torsk.

– Det er dette som må til

Rune Sandø kjem frå Unge kokker og er ekspert på å formidle matkunnskap og folkehelse for barn og ungdom.

– Det er slik som dette som må til for at barn skal ete meir fisk, seier Rune Sandø.

– Barna må sjå, føle, ta og lukte for at dei skal like maten.

Rune viser korleis ein tek av skinnet på laksen.

– Er det nokon som vil ta på fiskeskinnet? undrar Rune, og viser skinnet til elevane.

– JA! ropar dei og strekker seg mot det.

– Det er litt ekkelt, seier Jenny.

– Men det ser ut som sølv, seier Marius og stryk handa over. – Det er kjempedeilig!

FISKESKINN: Marius og Mio får kjenne på fiskeskinnet.

Rune viser korleis sushi-gruppa skal gjere det. Dei står rundt bordet og følgjer med.

– Når eg instruerer viser eg det ein gong, og så får dei gå rett på og lære av kvarandre.

SUSHIKOKKAR: – Ein treng ikkje gå i lære i sju år for å bli sushikokk, seier Rune til Anchelee og Marius.

Godt jobba!

Litt over ein time er fem innbydande rettar ferdige. 

– Mat er sosialt. Vi må lage mat saman, for å gjere det interessant, seier Rune.

Første retten dei et er spinatsuppa med torsk. Jens og Robert, kokkane bak suppa, er godt nøgde.

– Ta opp ein tommel om de likar det? seier Robert til dei andre. 

– Dei likte det, seier han til Jens. – Dei viste tommel opp.

Robert smakar på suppa han har laga. 

– Det var godt! Jens og eg gjorde ein god jobb, konstaterer han.

Debuterer med blåskjel

Jenny har aldri smakt blåskjel før, og er litt skeptisk. 

– Kanskje du vil prøve eit blåskjel før du et suppa? seier Rune.

Han gir henne eit skjel. Ho tek i mot og puttar det i munnen. Alle rundt henne klappar og heiar.

BLÅSKJEL: Jenny testar blåskjel for fyrste gong, og fekk applaus frå alle rundt bordet. Her saman med Alegra.

– Det smakar litt som det luktar. Det var godt, seier Jenny.

Brettet med tacolefsa med godt krydra sei går unna.

– Tacolefsa er god, du smakar ikkje fisken, seier Mio.

– Det byrjar å bli stille rundt bordet. Betyr det at de er i ferd med å bli mette? spør Rune.

– Ja, konstaterer elevane. No er dei stappmette!

– Men eg kan gjerne få litt meir, seier Robert.

RESULTATET: Her er alle rettane fiskekokkane lagde på Biblo Tøyen, då Unge kokker var på besøk.