Naboen min er eit band der barndomsvennene Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt speler. Plata kan høyrast på Spotify og andre straumetenester.
– Her er det både stall, stjerner, klokkespel og reinsdyr, så her skal det vere nok av julestemning for både store og små. Me håpar at desse nye julesongane kan vere med på å gje både born og vaksne litt ekstra julestemning, og bidra til ei førjulstid med både humor og ettertanke, seier Vegard Markhus.
– Elskar jul!
For nokre år sidan gav duoen ut songen «Eselet sin julesong».
Den gode responsen, både blant barn og vaksne, inspirerte dei til å lage fleire julesongar. Songen er med på den nye plata, og har fått følge av tre nyskrivne julesongar.
– Eg må nok innrømme at eg elskar jul. Samstidig er det mange som ikkje har det så kjekt i jula. To av songane handlar om små og store ting vi kan gjere for at andre skal få ei god juletid, seier Markhus om kvifor dei har laga ei juleplate.
– Kva julesongar likar du no? Og kva songar likte du då du var 11 år?
– Eg elsker nesten all julemusikk! Favoritten er nok juleplata til Sufjan Stevens, men eg gler meg også til eg skal på julekonsert med Odd Nordstoga snart. Då eg var 11 år var nok «Vi tenner våre lykter» den store favoritten, svarar Vegard Markhus.
Kos og alvor
Tekstane er både koselege og alvorlege, og Sangolt håpar at dei kan treffe både born og vaksne.
– I utgangspunktet er dette ei barneplate. Men det er jo det som er så fint med jula, at den på mange måtar handlar om å vere saman. Eg håpar dette er ei plate heile familien kan høyre på medan dei baker pepperkaker eller kranglar om julemenyen.
Fekk hjelp av Kvam Soul Children
Naboen min har med seg fleire gode hjelparar på plata.
Thomas Gallatin, mellom anna med erfaring frå banda til Odd Nordstoga og Morten Abel, har bidrege med trommer og perkusjon
– Prikken over i-en er det Kvam Soul Children som står for. Koret er med og syng på tre av songane.
Å jobbe med Kvam Soul Children var veldig inspirerande. Dei tilførte energi og sjarm til musikken, og utstrålte stor iver og engasjement under innspelinga. Og så var det heller ingen ulempe at dei song enormt fint! seier Vegard Markhus.
– Kva tilbakemeldingar fekk de frå dei på songane de har laga?
– Den spontane responsen var særs positiv. Dei likte songane godt, og spesielt populær var setninga om at pappa har blitt for tjukk for si skjorte.