Erna Solberg i Frankfurt

Bokmessa i Tyskland nyttar barn og unge si interesse for fotball som motivasjon til å bli betre i tysk og lesing. 

Statsminister Erna Solberg (H) fekk ei fotballtrøye under eit besøk til Karmeliterskulen i Tyskland. Der skulle ho også delta på den internasjonale bokmessa.

Bokmessa har nemleig eit samarbeid med Bundesligaklubben Eintracht Frankfurt. Dei nyttar barn og unge si interesse for fotball som motivasjon til å bli betre i tysk og lesing.