Norsk forfattar har skrive Nordens beste barnebok

Den norske forfattaren, Kristin Roskifte, er tildelt Nordisk råds litteraturpris for barneboka Alle sammen teller.

Alle sammen teller av Kristin Roskifte. (Magikon forlag)

Dette skriv forlaget, Magikon, om boka:

Hurra for at folk er ulike!
Dette er ei morosam myldrebok der du kan telje menneske, følgje dei, føle med dei og sjå korleis historiene blir fletta saman. Her er det mange små og store løyndommar å oppdage i bilda for den som er nysgjerrig og har eit skarpt blikk. Og ser du ordentleg godt etter, så finn du kanskje deg sjølv!

Boka er til no solgt til 22 land. Noko som er veldig mykje for ei norsk barnebok.

Nordisk råds litteraturpris er ein av dei største nordiske bokprisane.

Prisen går til ein forfattar som skriv på eitt av dei nordiske språka.

Dei nordiske språka er norsk, svensk, dansk, finsk og islandsk.