Den svenske klimaaktivisten har valt å donere halvparten av prisen sin på 500.000 kroner til klimasøksmålet Natur og Ungdom og Greenpeace har reist mot den norske staten for å stanse oljeboringa i Barentshavet.
Fritt Ord-prisen går kvart år til ein eller fleire mottakarar som har jobba for ytringsfridom.
Videohelsing
16-åringen var ikkje til stades under prisutdelinga i Operaen i Oslo onsdag kveld, men i ei videohelsing gav ho ei tydeleg oppfordring til norske politikarar.
– Det er ei viktig sak som viser at makthavarane ikkje lenger kan halde på som i dag. Mi utfordring til norske politikarar er at vi må handle no, elles kan det bli for seint. Land som Sverige og Noreg har så store moglegheiter til å gå føre. Vi må ta ansvar, sa Thunberg.
Sidan august 2018 har 16-åringen inspirert hundretusen av ungdommar, elevar og studentar over heile verda til å demonstrere for klimakampen. For det har ho vorte lønt med Fritt Ord-prisen, som er ein pris for ytringsfridom.
- LES OGSÅ: 123 land streika for klimaet
Skulestreiken
Også Natur og Ungdom vart tildelt prisen. Miljøvernorganisasjonen arrangerte elevstreiken for klimakampen, som trekte rundt 40.000 skuleelevar og studentar over heile landet 22. mars.
NPK-artikkelen er ein nedkorta versjon som stod publisert på Framtida.no