15. mars streika 123 land for klimaet

I Noreg er den store klimastreiken 22. mars.

– Siste oppdatering (fredag) seier: 2052 plassar i 123 land på alle kontinent, inkludert Antarktis. Så spørsmålet er: Kva vil du gjera 15. mars? skriv Greta Thunberg (16) på Twitter i morgontimane i dag.

Vis bilde på Twitter
 Før jul skapte den svenske skuleeleven overskrifter verda over med sin skulestreik for klimaet. Den unge aktivisten vekte åtgaum verda over då ho talte til verdas toppleiarar under klimatoppmøtet i Polen.

Ho er kåra til årets kvinne av Aftonbladet og Expressen i Sverige og er utropt til ein av dei mest innflytingsrike tenåringane av Time magazine. Og nyleg kom nyheita om at svenske Venstre-politikarar og norske SV-politikarar har nominert Greta Thunberg til fredsprisen.