– Med våre objektive mål finn vi ikkje nokon samanheng mellom stillesitting og helse, men dess meir aktivitet, dess betre helse, seier Turid Skrede i ei pressemelding frå Norges idrettshøgskole.
Studerte 1200 femteklassingar
I løpet av skuleåret 2014/15 gjekk nesten 1200 femteklassingar frå 57 ulike skular i Sogn og Fjordane med aktivitetsmålar ei heil veke. I tillegg fekk dei målt høgd, vekt og ei rekke risikofaktorar for alvorlege sjukdomar.
Forskaren samanlikna så aktivitet og fysisk form med desse risikofaktorane: Stort midjemål, kroppsmasseindeks, høgt blodtrykk, ugunstig nivå av kolesterol og insulin.
Funna tydar på at:
- Å sitte stille, også mykje, er ikkje så farleg som ein har trudd.
- Det viktige er å vere i fysisk aktiv med moderat til høg intensitet.
- Ein blir ikkje tung av stillesitting, men dei som er tunge blir oftast sittande for mykje i ro.
- Barn med låg fysisk form har størst helseeffekt av å vere meir fysisk aktive.
– Skal ein kjenne hjartet slå skikkeleg
Skrede meiner det har vore ein del skremselspropaganda rundt stillesitting. Ifølgje hennar forsking er det ikkje timane ved skulepulten eller i sofaen som er farlege.
– Det er ikkje noko poeng å erstatte sitting med roleg aktivitet. Når ein først er aktiv, skal ein kjenne hjartet slå skikkeleg, seier Skrede i pressemeldinga.
Konklusjonen er altså at det er viktigare at barn bør vere i høg aktivitet kvar dag, enn at dei skal sitte mindre.
Ein lengre versjon av saka finn du på Framtida.no