Eigentleg bur Kim Frode, Hermine og mamma Jeanette i Halden, men no er dei på Sunnmøre. Rettare sagt i Tjørvåg.
– Tenk at her var eg då eg var like gamal som det de er no, seier mamma Jeanette.
– Lukta er lik, stolane er like – og eg trur jaggu meg dei har fått mamma sine gamle gardiner.
(Artikkelen held fram etter bilete)
Spente på juletrefest
Det er fyrste gong Kim Frode og Hermine er på juletrefest, og dei er spente. Dei har nemleg høyrt rykte om at julenissen også kan dukke opp.
– Når eg giftar meg skal eg ta med kona og barna mine hit, seier Kim Frode.
– Ja, eg blir sjølvsagt med som bestemor, seier Jeanette. – Det gler eg meg til.
Etter at alle barna har vore oppe på scenen og sunge Tenn lys, juleevangeliet er lese, så er det tid for mat. Både Hermine og Kim-Frode forsyner seg både ein og to gongar.
– Eg har ete åtte peparkaker, og er stappmett, seier Kim Frode.
- LES OGSÅ: Slik feira dei jul før
(Artikkelen held fram etter bilete.)
Barnas venn
Medan dei et kjem sjølvaste julenissen. Han har dei møtt nokre gongar før. I det stille kjem nissen inn døra. Han ropar ikkje dei kjende orda “ho-ho-ho”, men alle får auge på den lange, raudkledde gubben.
– Kan eg gå bort til han? spør Hermine i det Kim Frode er på veg mot nissen.
– Ja, han er barna sin venn, seier mamma.
Ut av sekken gir han alle barna på juletrefesten kvar sin godtepose.
Kim-Frode er litt skeptisk i den han opnar opp.
– Det var skikkeleg lite godteri, seier han og heller posen på bordet.
Ein klementin, nokre peparkaker og litt godteri.
– Men eg blei glad, seier han og trykker alt godteriet inn med ein gong.
Men Hermine skal spare det. – Eg er stappmett, skjønar du!
- PRØV KVISSEN: Familiekviss
(Artikkelen held fram etter bilete).
Tre ringar rundt juletreet
Til slutt går dei rundt juletreet. Heile tre ringar fyllar golvet.
– Det var gøy å vere på juletrefest, seier Hermine.
Det er Kim Frode eigentleg einig i, trass i at godteposen var litt mindre innhaldsrik enn han hadde håpa på.