Ungarn
Hovudstad: Budapest
Innbyggjartal: 9,6 millionar
Språk: ungarsk
Lengste elv: Donau
Største religion: kristendom, men over halvparten av ungararar høyrer ikkje til nokon religion

Kjelde: Vesle norske leksikon
I helga var det parlamentarisk val i Ungarn. Det vil seie at innbyggjarane skulle stemme om kven som skal vere statsminister og kva politikarar som skal sitte med makta dei fire neste åra.
Etter at Viktor Orbán har vunne fire val på rad og styrt i 16 år, tapte han årets val.
– Det var ein fyr som hadde vore med i Viktor Orban sitt parti (Fidesz) fram til for to år sidan, som vann årets val, forklarer Jørn Holm Hansen til Framtida junior
Hansen er forskar ved OsloMet. Fyren Hansen snakkar om heiter Peter Magyar og er no leiar for partiet Tisza.

Samla ulike grupper veljarar
– Magyar og Tisza gjorde det veldig bra under årets val fordi han klarte å samle alle veljarane i Ungarn som var skeptiske til Orbán, seier Hansen.
Dei samla både veljarar som hadde stemt på Orbán tidlegare, men no var leie av han og veljarar som aldri har vore i nærleiken av å stemme på han.
– Saman har vi frigjort Ungarn, sa Peter Magyar etter at valresultatet var kjend og det var klart han vil bli Ungarns neste statsminister.
Demokrati
Noko av grunnen til at Orbán blei upopulær blant dei tidlegare veljarane sine var at han dreiv med korrupsjon. Korrupsjon er å gi eller ta imot gåver, pengar eller tenester for å få fordelar. Til dømes brukte Orbán rolla si som statsminister til å gi fine jobbar til vennar og familie.
Magyar seier at han no vil fjerne all korrupsjon og har mellom anna bede personar i viktige stillingar i samfunnet om å gå av. Dette er fordi han meiner at dei ikkje fått jobbane på lovleg vis, noko som trugar demokratiet i landet.
– Eg er ganske optimistisk når det gjeld demokratiet i Ungarn no, seier forskar Hansen.
Samarbeid
Orban var ikkje berre upopulær blant veljarar i Ungarn, men også blant samarbeidspartnarar i EU. EU er eit samarbeid mellom 27 europeiske land om handel, miljø og innvandring.
Forskar Hansen forklarer at Orban generelt har vore vanskeleg å samarbeide med og truga gjerne med å stoppe avgjersler og å hindre ting frå å skje.
– Magyar kjem ikkje til å lage like mykje spetakkel, seier Hansen.
At Magyar no er positiv til EU, gjer ikkje berre samarbeidet lettare, men det gjer også at EU vil gi Ungarn meir pengar som dei har halde tilbake på grunn av manglande demokrati.



















