Romferja Artemis II har sirkla rundt månen, og landar i Stillehavet utanfor California natt til laurdag. I banen rundt månen var dei lenger unna planeten vår enn noko menneske har vore før, heile 406 772,9 kilometer frå jorda.
Oppdraget varar i rundt ti dagar, og målet er å teste system ein treng før ei faktisk månelanding. Mellom anna testar dei system for å halde mannskapet i live, navigasjon og kommunikasjon.
Ingen menneske har vore utanfor jordas bane sidan Apollo 17 i 1972.



















