Eg ville tatt med meg mat, drikke, klede og gode tankar for å kunne ha hjelpt alle dei uskuldige barna og folka som vart drepne eller sett i fengsel berre fordi dei sa meininga si og kjempa for fridom og for landet sitt.
Eg ville prøvd å redde barna som levde i frykt, og menneska som vart torturert og drepne i Sednaya fengsel, for eksempel Abdulbaset Saroot, Hamza Al- Khateeb og Mazen Al Hamada.
Eg ville også møte folk frå den tida, kanskje dei kunne ha hjelpt meg å forstå kva som skjedde, og korleis eg kunne bidra til å skape fred og rettferd.
Viss eg kunne reist tilbake eg hadde sørga for at Bashar aldri fekk makta han hadde eller støtta av Russland og Iran – dei som bestemte krigen og øydelagde landet vårt.

Eg ville stoppa denne krigen med å snakke om fred og minne folk på at Syria er et vakkert land med en lang historie og mange kulturar som har levd saman i fred, og at folk måtte løyse konfliktar med dialog i staden for vald fordi krigen berre skaper smerte og øydelegg livet.
Eg ville kunne hjelpe barna som ikkje kunne gå på skulen og mista familien sin og dei som ikkje hadde nok mat, pengar eller drikke til å leve.
Eg ville også prøvd og hjelpe menneske som måtte flykte slik som oss.
Å vere flyktning er ikkje lett! Ein må starte livet helt på nytt i et framand land som er heilt annleis. Vi er takknemlege for tryggleiken vi har i dag, men saknar framleis heimlandet vårt.
Å reise tilbake til Syria for å stoppe krigen er kanskje berre ein draum, men draumar er viktige. Dei gjer oss håp om at krigen skulle stoppe i heile verda og at barn kunne leike og leve fredeleg utan frykt, og alle menneske kunne ha levd saman i tryggleik og kjærleik.
Teksten var ein av vinnarane av teikne- og skrivekonkurransen til Framtida Junior og Stiftelsen Lese. Sjå fleire av vinnarane her!






















