Erling Braut Haaland
- 25 år
- Oppvaksen i byen Bryne i Time kommune i Rogaland fylke
- Fotballspelar på Manchester City og det norske landslaget
- Ein av verdas beste fotballspelarar
Kjelde: wikipedia.org
For nokre månader sidan kjøpte Erling Braut Haaland, saman med faren sin, ei sjeldan utgåve av Snorre Sturlasons kongesoger frå 1594.
Snorre Sturlasons kongesoger, også kalla Snorre eller Heimskringla, er ei samling av norrøne forteljingar om norske kongar i vikingtida. Forteljingane, kalla soger, vart skrivne ned og sette saman på 1200-talet.
No har Haaland bestemt seg for å gi bort den sjeldne og dyre boka til heimkommunen Time i Rogaland, skriv kommunen i ei pressemelding.
Alle skal få lese
Fotballspelaren gir bort boka for at ho skal bli stilt ut og gjort tilgjengeleg for alle som besøker biblioteket i Time kommune.
– Eg har aldri vore ein stor lesar, men eg vil at boka alltid skal ligge slått, opp sånn at ein kan lese om dei som kom frå mine stader, frå Bryne og Jæren, seier Haaland.
– Eg lever draumen min, men han er dessverre for dei få. Eg har sett korleis bøker gir mange fleire moglegheit til å drøyme og til å leve ut draumane sine.




















