Kaley G.M., som no er 20 år, vart avhengig av YouTube då ho var seks år, og Instagram då ho var ni. Ho fekk diagnosane kroppsdysmorfofobi og sosial fobi då ho var 13, skriv The Guardian.
Kroppsdysmorfofobi betyr at ein er veldig misnøgd med kroppen sin og korleis han ser ut, sjølv om ikkje andre ser det slik. Sosial fobi betyr at ein er veldig redd for situasjonar der ein må vere saman med andre menneske og der andre menneske kan meine noko om ein.
Kaley meiner at sosiale medium er årsaka til at ho fekk desse diagnosane.
Dom
Meta og Google vart dømde til å betale totalt 6 millionar dollar til Kaley. TikTok og Snapchat gjorde vart einige om ei løysing med Kaley, utanfor retten.
Målet saka til retten var å vise at skada frå sosiale medium kjem av korleis appane er laga og styrte – ikkje berre av det ein ser på der.
Google og Meta har varsla at dei vil anke dommen. Å anke ein dom vil seie å få ei ny vurdering av saka.



















