Sola kan ha blitt blåst utover i galaksen vår

Stjerner som sola bli vanlegvis ikkje laga i vår del av Mjølkvegen. No trur forskarar at sola kan ha blitt blåst gjennom galaksen vår.

Ordliste
  • Mjølkevegen: Mjølkevegen er namnet på galaksen der jorda er. Ei galakse er ei samling av stjerner, støv, gass og mørk materie i universet. I Mjølkevegen er det fleire hundre milliardar stjerner.
  • Tyngdekraft: Tyngdekraft er kraft som trekkjer ting mot kvarandre. Tyngdekrafta trekkjer til dømes menneske ned mot jorda. Dette fordi jorda er mykje større (har mykje større masse) enn kvart enkelt menneske.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Det skriv Ung.Forskning.no.

Forskarar har lenge meint at stjerner som er like gamle som og er laga av det same som sola, vanlegvis blir danna nærare sentrum av Mjølkevegen.

Sjølv om stjerner som sola er sjeldne i vår del av galaksen, ligg det mange stjerner som liknar sola i området rundt oss.

Dette får forskarar til å tru at alle desse stjernene blei skapt lenger inne i galaksen, for så å reise utover samtidig.

Store krefter i sving

Slik galaksen vår er i dag, ville det vore umogleg for sola å bevege seg utover. Dette er fordi at i midten av Mjølkevegen er det ein enorm stolpe av gass og støv og millionar av stjerner. Denne stolpen skaper ein veldig sterk tyngdekraft som trekkjer stjerner mot seg.

No trur forskarar ved Tokyo Metropolitan University at sola (og dei andre liknande stjernene) kan ha blitt danna samtidig med denne stolpen. Vidare kan danninga av stolpen og dei store kreftene det innebar, ha blåst sola og dei andre stjernene ut dit dei er i dag.

Ein teori

Dette er førebels berre ein teori. Ein teori er ei forklaring eller noko forskarar trur, men som dei enno ikkje har bevist.

Om denne teorien stemmer, kan det fortelje oss mykje om både sola, dei liknande stjernene og danninga av stolpen i midten av galaksen vår.