Kriminaliteten går ned både i USA og fleire andre land

Når ein les nyheiter kan ein fort få kjensla av at kriminaliteten aukar. Men nye tal viser at han faktisk går ned – både i USA og i fleire andre land.

Det er lett å få inn inntrykk av at det stadig blir meir kriminalitet når ein følgjer med på nyheitene. Men nye tal viser noko anna, melder Verdens Beste Nyheter.

I USA har nemleg kriminaliteten gått ned dei siste åra. Nedgangen er spesielt tydeleg når det gjeld drap. Frå 2023 til 2024 sokk talet på drap med nesten 15 prosent.

Forskarar måler ofte kriminalitet ved å sjå på kor mange som blir drepne per 100 000 menneske. I 2025 var talet 10,4 i 35 av dei største byane som er undersøkte.

Skjer i fleire land

Også i andre land ser ein det same. I både England og Noreg viser tal at kriminaliteten har gått ned.

Kriminalitet eit tema det blir snakka mykje om i politikken. USAs president Donald Trump har til dømes hevda at kriminaliteten aukar kraftig.

Tala viser altså noko anna.

Får mykje merksemd

Ein annan grunn til at mange trur kriminaliteten aukar, kan vera korleis medium dekkjer saker. Vald og kriminalitet får ofte mykje merksemd fordi det er dramatisk og alvorleg.

Det skjer framleis svært mange alvorlege ting i verda, men tala viser at utviklinga i fleire land faktisk går i ei positiv retning.